Ting Norgespris på Elhub Min side
Featured

Ting Norgespris på Elhub Min side

Norgespris er ei ny, statleg ordning som gjev deg ein forutsigbar straumpris gjennom året. Den er frivillig og gjeld frå 1. oktober 2025. Du kan tinga Norgespris digitalt på Elhub Min side frå 24. september 2025. Alle som tingar frå 24. september til og med 1. oktober vil få Norgespris frå 1. oktober. Dersom du tingar seinare vil du få Norgespris frå den datoen du tingar.

Tysdag 16. september vil det vera mogleg for hushaldningar å logga seg inn i tingingsportalen, minside.elhub.no. Bruk bank-ID. Der kan du få informasjon om korleis Norgespris ville ha påverka straumrekninga di tidlegare år. Dette vil vera nyttig når du skal ta stilling til om du skal tinga Norgespris eller ikkje.

Tingingsløysinga vil innehalda ei samenlikning av kva Norgespris ville ha kosta ut frå historiske prisar og forbruk. Denne kan visast i graf eller tabell, og samanliknast med straumstøtteordninga for hus hushaldningar og med ordinær marknadspris for fritidsbustader.

Ynskjer du Norgespris, men har ikkje bankID eller annan elektronisk ID, kontakt ditt nettselskap.

Meir info: elhub.no/stromkunde/norgespris