Me flyttar kundesystem i mai 2025 og får både ny App og ny Min-side

Hardanger Energi flyttar kundesystem over på nye serverar. Dette er ein kompleks og omfattande jobb, og det vil få innverknad på vår kundeservice i heile mai månad. Min side og App vert ute av drift, og det vert ikkje mogeleg for oss å bruke systemet for å svare på spørsmål om faktura, forbruk eller anna. Systemet er med andre ord ikkje tilgjengeleg f.o.m. 9. t.o.m 16. mai. så kjem det ny min side og ny app forhåpentleg innan utløpet av mai månad. Me vil sende informasjon direkte til kundane som forklarar korleis og når ein kan ta i bruk ny App og ny Min-side

Me beklagar ulempene denne nedetida måtte medføre for kundane våre