Featured

Ope møte om Tysso Kraftverk

Tid: 20. mai 2026 kl 18.00

Stad: Møterom Hardangerjøkulen (nye heradstyresal Ulvik Herad)

Hardanger Energi AS vil med dette invitere til eit ope møte for innbyggjarane i Ulvik vedkomande bygging av Tysso Kraftverk. I møtet vil me orientera om prosjektet generelt, kvar me står i dag og vidare prosess.

Som ein del av vidare planlegging, ynskjer me innspel frå innbygjarane i Ulvik på element som er viktig å ta omsyn til i prosjektet.

Vårt mål er å få til ei skånsom utbygging der me gjere tiltak for å redusere belastning på dei som bur i nærområdet til prosjektet. Det vert høve til å kome med både spørsmål og innspel.

Velkomen!